Visit Sognefjord
Cider Makers Dinner kl 19.00
Ciderhuset Bestselger

Cider Makers Dinner kl 19.00

Ein kveld der middag og cider passar til kvarandre. Aperitif og formidling frå vertskapet om kva kvelden bringer. Cider Makers dinner incl velkomstdrikk kostar kr 990 pr person.

Sist booket 20 timer siden
Book direkte — bookingen går rett til Ciderhuset
Umiddelbar bekreftelse
Lokal operatør, kuratert av Book Local
Vanskelighetsgrad Easy
Alder 10+ år
Varighet 3h
Pris fra 990 NOK

Om opplevelsen

Ein kveld der middag og cider passar til kvarandre. Aperitif og formidling frå vertskapet om kva kvelden bringer. Cider Makers dinner incl velkomstdrikk kostar kr 990 pr person.

Ein kveld der middag og cider passar til kvarandre. Aperitif og formidling frå vertskapet om kva kvelden bringer. Cider Makers dinner inkl velkomstdrikk kostar kr 990 pr person.


Tilleggsinformasjon

Ein kveld der middag og cider passar til kvarandre.

Lurer du på korleis det er å dyrke frukt langs Sognefjorden, lage ulike sortar cider og få smakelege matrettar til å passe til desse? Då er du kommen til rett plass! Det er akkurat slikt me på Ciderhuset brenn for å fortelje om.

 

Så me startar med eit glas i handa med Balholm drikke eller med bær og frukt frå sesongen i ein frisk cocktail.

 

Drikke er sjølvsagt noko av essensen i ein Cider Makers Dinner – eller «Middag frå cidermakaren», på godt norsk. Me set saman ein pakke med tre ulike cider i tillegg til velkomstdrikken. Denne fortel me om før de set dykk til bords og utover kvelden. Ciderpakke kostar kr 500 per person, alkoholfri pakke kr 450. DEtte bestiller de ved ankomst.

 

Og me likar å dele mat rundt bordet. Så dei kalde forrettane kjem først. Meze heiter det då, slik det gjer rundt Middelhavet eller i Midt-Austen. Det kan vere heilnorsk og lokalt, til dømes røykelaks frå Keipen lokalmat, eller ost frå Anne-Karin i Aurland eller kjøt frå Olav Arnar i Vik – rett over fjorden. Eller det kan vere smårettar inspirert av landet vertinne og kjøkensjef Tuba kjem frå; Tyrkia. Då kan retten kanskje heite sigarbörek eller mucver eller noko anna som verkar litt framandt, men som plutseleg er fylt med Jarlsbergost eller nyplukka bladpersille frå hagen bak kjøkenet.

 

Til hovudrett set vi fram til å dele kjøt- eller fiskeretten for denne veka, eller ein vegetarisk/vegansk rett. Desserten eller det søte til slutt kjem alltid med bær eller frukt frå den økologiske hagen vår eller frå naboen.

 

Vi håpar å sjå dykk i Ciderhuset.

Levert av

Ciderhuset

Pris fra

990 NOK

Praktisk info

Varighet
3 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Minstealder
10 år
Sted
Ciderhuset, Western Norway

Avgangstider

19:00

Viktig informasjon

Dersom de avbestiller reservasjonen seinast 24 timar før bestilt tidspunkt, blir depositumet refundert.

Oppmøtested

Ciderhuset Sjøtunsvegen 32, 6899 Balestrand

Ciderhuset, Western Norway

Bilder fra turen

Klikk på et bilde for å se i full størrelse

Fra
990 NOK
Book nå