Inngang Borgund stavkyrkje + guida tur til Vindhella
Bli med til begge underverka i ei og same pakke.
Om opplevelsen
Bli med til begge underverka i ei og same pakke.
Du startar i besøkssenteret med stavkyrkjeutstilling, vikingutstilling, kafé og butikk før du går til stavkyrkja og opplever middelalderens mystikk. Du gjer dette på eiga hand og lyttar til guidane i kyrkja. Billetten gjeld for heile dagen.
Deretter møter du ein Kongevegen-guide ved stavkyrkja og blir med opp austsida av Vindhella til toppen av dei berømte hårnålsvingane.
På vegen får du lære om Kongevegen og om bygginga av meisterverket som bugtar seg på høge murar ned gjennom fjellpasset. Høyr om vegarbeidarane, om slavearbeid og avstraffing, om rekkverk og steinar, fargar og kongeferder.
Lær også at Vindhellaskaret kan ha vore eit strategisk maktpunkt i gamal tid og den smalaste passasjen mellom aust og vest i Sør-Norge. Her er bygdeborg, truleg eldgamle forsvarsanlegg - og kanskje åstaden for eit birkebeinerbakhald.
Etter ei stund ved svingane på toppen snur guiden og går tilbake til stavkyrkja. Du blir med, eller du kan gå på eiga hand ned til Rimskjold eller ta rundturen over Sverrestigen tilbake til stavkyrkja.
TID: Dagleg klokka 12.00 (inngang stavkyrkja) og 13:30 (start vindhellaturen)
PERIODE: 01. juni - 31. august
Lengde: 2-3 timar. Inngangen til stavkyrkja er dagsbillett
Start tur: Dagleg klokka 13:30 ved stavkyrkja
Avslutning: Tilbake ved stavkyrkja
Lengde: Turen tek 45-55 minuttar
Påmelding: Ved å booke online på denne sida
SPRÅK: Norsk, engelsk ved behov
Inkludert: Inngang Borgund stavkyrkje og besøkssenter, guide tur/retur Vindhella.
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 2 timer 30 min
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Sted
- Borgund stavkyrkje, Western Norway
Oppmøtested
Borgund stavkyrkje, Western Norway