Leig ein sykkel
Lyst til å sykle grus- eller asfaltstrekningane av Kongevegen? Eller berre leige deg ein sykkel og utforske området frå sykkelsetet?
Om opplevelsen
Lyst til å sykle grus- eller asfaltstrekningane av Kongevegen? Eller berre leige deg ein sykkel og utforske området frå sykkelsetet?
Kongevegen leiger ut syklar frå fire sykkelstasjonar.
I Lærdal (vest for Filefjell):
Borgund sentrum
Borlaug (ved Hi Borlaug)
I Vang (aust for Filefjell):
Øye stavkyrkje (ved Kulturstøga på motsett side av vegen)
Neset rasteplass (ved Kvamskleive)
Dagleige er 250 kroner per sykkel.
Syklane er tilgjengelege kvar dag frå klokka 08.00. Ver venleg å levere syklene tilbake i stasjonen innen klokka 20.00 samme dag. Passar for alle over 7 år.
Etter at du har funne deg ein sykkel, sørg for at vaieren er innom alle gjenværande syklar på stativet før du lukker kodelåsen. Hent deg ein hjelm i trekassa og lås igjen. Kassa har også pumpe og umbraco.
Koden til låsen står i billetten som du får på e-post etter bestilling.
Når du kjem tilbake til stasjonen, set sykkelen i stativet, sørg for at vaieren er innom alle syklane, lukk kodelåsen og snu litt på kodetalla. Legg hjelmen i trekassa og lås igjen på samme viset.
GOD TUR!
MILJØPROSJEKT: Samtlege syklar er brukte, og ikkje berre brukte, men jamvel redda frå søppelcontaineren. I samarbeid med Resirkula er syklane blitt reparert og gitt eit nytt liv langs Kongevegen. Difor vil du finne striper og små skavankar på syklane ❤️
NB: Syklane skal ikkje nyttast på dei verna delstrekningane. Sykkeltilbodet er meint for deg som vil sykle grus- og asfaltstrekningane eller utforske Øye, Vang, Borgund og Lærdal frå sykkelsetet.
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 12 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 7 år
- Sted
- Frå sykkelstasjon, Eastern Norway
Oppmøtested
Ved stasjon
Frå sykkelstasjon, Eastern Norway
Bilder fra turen
Klikk på et bilde for å se i full størrelse
Lignende opplevelser
Andre populære turer du kanskje vil like.