Visit Sognefjord
Cidersmaking med lunsjplanke  kl 12:30
mai
27
2026
onsdag
— 14:30
27 seats left Ciderhuset
Vanskelighetsgrad Easy
Alder 10+ år
Varighet 2h
Pris fra 860 NOK

Om opplevelsen

Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider saman med ein lunsjplanke med 5 smårettar som passar til kvar av ciderane. Alkoholfritt alternativ.

Regndropar på epleskalet. Det lette kysset frå epleblomen. Perler som stig opp i gylden drikk.

av Åge Eitungjerde, cidermakar


Bryr du deg om historia bak det du drikk? Er du tørst på nye smakar og ny kunnskap? Du vil få ny forståing for fruktdyrking og ciderframstilling etter berre 1 1/2 time hos oss. og du vil få utvida smakshorisonten din gjennom å smake 5 ulike siderstilar i Glashuset, med utsikt over Sognefjorden.


Vi startar i den økologiske frukthagen vår ved Ciderhuset. Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Vi vil vise at smaken startar med dei små podekvistane som strekker seg opp mot det unike fjordlyset ved Sognefjorden. Lyset som har inspirert kunstnarar og eventyrarar i generasjonar.


Saman lærer vi om grunnleggande epledyrking og lokal tradisjon - vårt terroir gjennom nesten 1000 år! Deretter går vi inn i Ciderhuset der vi smakar vår veg gjennom 5 ulike ciderar og lærer at eple er meir enn berre eple! Vi blir saman kjende med heile spekteret av smakar: søte desserteple, syrlege mateple og bitre cidereple.


Og vi skal lære at cider er meir enn berre "cider". Vi smakar oss gjennom 5 ulike stilartar av cider, frå lett "verandacider" til tanninrik matcider som passar best til tyngre kjøtrettar.


Til smakinga høyrer også ein lunsjplanke med 5 smårettar som er tilpassa kvar av ciderane.

Hugs å melde frå om evt allergiar eller matpreferansar (vegan/vegetar) på skjemaet.



Ser deg i frukthagen:)

Tilleggsinformasjon

null

Levert av

Ciderhuset

Praktisk info

Varighet
2 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Minstealder
10 år
Booking lukker
2h før
Sted
Ciderhuset, Western Norway

Viktig informasjon

Du får full refusjon for bestillinga dersom ho vert avbestilt seinast 72 timar før avtala tidspunkt.

Oppmøtested

Sjøtunsvegen 32

Ciderhuset, Western Norway

Bilder fra turen

Galleribilde Galleribilde Galleribilde Galleribilde Galleribilde Galleribilde