Visit Sognefjord
Sylvringen

Sylvringen

Ei historisk vandring

Book direkte — bookingen går rett til Sylvringen as
Umiddelbar bekreftelse
Lokal operatør, kuratert av Book Local
Vanskelighetsgrad Easy
Alder 3+ år
Varighet 3h30
Pris fra 695 NOK

Om opplevelsen

Ei historisk vandring

Opplev Vik gjennom historia


Turen Sylvringen er oppkalla etter den vakre sagaringen i sylv som vart funnen i ein av gravhaugane her i Vik. Turen startar med gaiding på Vikøyri og strandsitjarmiljøet ved fjorden. Vi besøker Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. På vegen passerer vi fleire gravhaugar, du får vita kor den vakre sagaringen blei funnen, og andre spennande ting. Mellom anna har vi gleda av å introdusera dykk for gamalosten -ei smaksoppleving du vil hugse lenge. 



Me tek dykk med på ein tur å hugsa


På turen ruslar vi mellom dei små pittoreske husa og nausta som utgjer strandsitjarmiljøet på Vikøyri. Vi går inn i eit av husa som står akkurat slik det vart forlatt for mange år sidan.


Hopperstad stavkyrkje er eit vakkert syn ein berre  sjå. Kyrkja er ei av dei to eldste stavkyrkjene i landet og syner den framifrå arkitekturen som er ein del av Noregs tilskot til verdas kultur- og arkitekturarv. Hove steinkyrkje kan kanskje ikkje måla seg i storleik til dei samtidige katedralane i Europa, men er særeigen for Noreg. Kyrkja er vel verd et besøk, særleg den vakre veggdekoren og kopien av den originale Hove madonnaen.


På vandringa får du høyre om dei mange gravhaugane me passerer og kva som vart funnen i nokre av dei. Vi har også gleda av å by deg på ein smak av gamalosten. Oppskrifta er den same som i vikingtida og meieriet i Vik er det einaste meieriet i landet som framleis produserer gamalost. Attmed osten vert det servert lokal bringebærjuce frå Vik.

Etter turen håpar vi du sit att med eit minne for livet, og at du set like stor pris på Vik som vi som bur her gjer.

Alle turane våre har blitt til gjennom samarbeid med våre partnarar

Blix HotellTine Meieriet Vik , Fortidsminneforeninga, og Visit Sognefjord

Levert av

Sylvringen AS

Pris fra

695 NOK
Barn 695 NOK
Barn 505 NOK

Praktisk info

Varighet
3 timer 30 min
Vanskelighetsgrad
easy
Minstealder
3 år
Sted
Vik Tourist Information Office, Western Norway

Avgangstider

På forespurnad

Viktig informasjon

For kjøpsbetingelser, se toppmenyen, kjøpsbetingelser

Oppmøtested

Sentrumsgata 1

Vik Tourist Information Office, Western Norway

Bilder fra turen

Klikk på et bilde for å se i full størrelse

Fra
695 NOK
Book nå