Visit Sognefjord
Guida tur til Vindhella

Guida tur til Vindhella

Vindhellaskaret skjuler så mykje meir enn du trur.

Book direkte — bookingen går rett til Kongevegen over Filefjell
Umiddelbar bekreftelse
Lokal operatør, kuratert av Book Local
Vanskelighetsgrad Easy
Varighet 1h
Pris fra 130 NOK

Om opplevelsen

Vindhellaskaret skjuler så mykje meir enn du trur.

Kvar dag kokka 13.30 står ein Kongevegen-guide framføre Borgund stavkyrkje klar for å ta deg med med opp austsida av Vindhella og til toppen av dei berømte hårnålsvingane. 


På vegen får du lære om Kongevegen og om bygginga av meisterverket som bugtar seg på høge murar ned gjennom fjellpasset. Høyr om vegarbeidarane, om slavearbeid og avstraffing, om rekkverk og steinar, fargar og kongeferder. 


Sjå også kvifor Vindhellaskaret var den smalaste passasjen mellom aust og vest i gamal tid og difor truleg eit strategisk kontrollpunkt. Her er bygdeborg, truleg eldgamle forsvarsanlegg og kanskje åstaden for eit birkebeinerbakhald.


Etter ei stund ved svingane på toppen snur guiden og går tilbake til stavkyrkja. Du blir med, eller du kan gå på eiga hand ned til Rimskjold eller ta rundturen over Sverrestigen tilbake til stavkyrkja. Guiden forklarer deg korleis. 


TID: Dagleg klokka 13:30

PERIODE: 01. juni - 31. august

Lengde: Turen tek 45-60 minuttar


Påmelding: Ved å booke online på denne sida

SPRÅK: Norsk, engelsk ved behov


START: Framføre Borgund stavkyrkje

SLUTT: Samme som start


Inkludert: Lokal guide og historiefortelling tur/retur Vindhella


Levert av

Kongevegen over Filefjell

Pris fra

130 NOK

Praktisk info

Varighet
1 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Sted
Borgund stavkyrkje, Western Norway

Oppmøtested

Borgund stavkyrkje, Western Norway

Fra
130 NOK
Book nå