Visit Sognefjord
Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar

Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar

Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane. Gå fra Austlandet opp til toppen av Filefjell og ned att til Vestlandet. Vandre bekymringslaust heile fjellpasset av Kongevegen på tre dagar mens vi fikser alt for deg - vi frakter bagasjen, ordnar frukost, niste og transport.

Book direkte — bookingen går rett til Kongevegen over Filefjell
Umiddelbar bekreftelse
Lokal operatør, kuratert av Book Local
Vanskelighetsgrad Medium
Varighet 67h
Pris fra 4 690 NOK

Om opplevelsen

Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane. Gå fra Austlandet opp til toppen av Filefjell og ned att til Vestlandet. Vandre bekymringslaust heile fjellpasset av Kongevegen på tre dagar mens vi fikser alt for deg - vi frakter bagasjen, ordnar frukost, niste og transport.

ANKOMST:

Du har køyrt til Filefjellstuene og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. Det går også direktebuss frå Bergen (NW 162 Øst-Vest Xpressen) og frå Oslo (NW 160 Valdresekspressen) til Tyinkrysset som passar med innsjekk i denne turpakka. Bussrutene følger E16.


DAG 1:

Etter frukost sørger hotellet for transport til Øye, der «Kongevegen Fjellpasset» startar. Frå Øye går du delstrekninga Øye-Tyinkrysset på cirka 12 kilometer opp austsida av Filefjell. Turen følger den autentiske kongeveglina opp til Støndafjorden, vidare opp vestsida av Begna til Varpebrue og forbi gjestgjevargarden og skysstasjonen Skogstad, nemd alt i 1663. Typisk for kongevegen bølger den opp og ned. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her.


DAG 2:

Etter frukost startar du ved Filefjellstuene og går vestover opp mot Kyrkjestølen på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen. På Kyrkjestølen er det fint å ta pause og sjå seg om på stølstunet. Deretter startar du på den berømte delstrekninga over toppen av Filefjell, Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg til Kongevegens høgaste punkt, cirka 1250 m.o.h. Vegen har storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bergens stift. I området er det fint å ta ein rast.

Her oppe er terrenget lettgått før vegen går bratt ned mot Maristova (ca. 800 m.o.h.) som har historie med overnatting og samferdsle sidan tidleg på 1300-talet. Du overnattar i hytte hjå Maristuen FjellferieBagasjen din er blitt frakta hit (1 kolli per pers.). Turen frå Filefjellstuene via Kyrkjestølen til Maristova tek 5-8 timar. Les om delstrekninga her. 


DAG 3:

Etter frukost startar du ved Maristova og går ned vestenden av Filefjell, på delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter buplassar. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar frå mellomalderen.

Eit smykke på denne strekninga er Brattebakken bru, ei hengebru bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på Kongevegen.

Etterkvart endar du i grenda Borlaug. Turen tek cirka 2 timar pluss eventuell matpause. Frå Borlaug tek du rutebuss tilbake til Filefjellstuene, evt. Tyinkrysset (sjå rutetider og ruter under) der bagasjen din er køyrt tilbake. Her sluttar «Kongevegen Fjellpasset». Les om delstrekninga her.


PRIS PER PERSON 2023: 

Om 4 eller fleire personar bur i samme hytte: 3 790,- kroner

Om 3 personar bur i samme hytte: 4 090,- kroner

Om 2 personar bur i samme hytte: 4 590,- kroner

Dei fleste hyttene har minst to soverom


I PRISEN FÅR DU: 👍

3 overnattingar i hytte eller leilighet

3 frokoster der du smører lunsjpakke for turen

Sengeklær og romvask

Transport til startpunktet ved Øye

Bagasjetransport Filefjellstuene-Maristova 2. dag og retur 3. dag


IKKJE INKLUDERT I PRISEN:

Middag og kveldsmat

Buss frå Borlaug til Filefjellstuene siste dag

Guiding/historiefortelling


RUTEBUSS:

Rute 138 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:37 (måndag-fredag og sundag) og passerer innkøyrsla til Filefjellstuene cirka klokka 12.03. Bussen tek med hund.

Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug dagleg kl. 13.10 og er ved Tyinkrysset kl. 13.30. Her må du gå frå busstoppen på Tyinkrysset til Filefjellstuene, cirka 1 kilometer. Bussen tek kun sertifisert hund (som førarhund).

(atterhald om ruteendringar)

Alternativ: Solheim Taxi.

Levert av

Kongevegen over Filefjell

Pris fra

4 690 NOK
Åleinereisande 6 190 NOK
Antall pers. (når 2-3 pers. reiser saman) 4 990 NOK
Antall pers. (4+ reiser saman) 4 490 NOK

Praktisk info

Varighet
67 timer
Vanskelighetsgrad
medium
Sted
Filefjellstuene, Eastern Norway

Viktig informasjon

www.visitkongevegen.no/om-kongevegen/vilkaar-ved-kjoep-av-turpakker/

Oppmøtested

Filefjellstuene, Grøvstølvegen 43.

Filefjellstuene, Eastern Norway

Bilder fra turen

Klikk på et bilde for å se i full størrelse

Fra
4 690 NOK
Book nå