Visit Sognefjord
Kongevegen Vinternatt

Kongevegen Vinternatt

Bli med ut i den ville fjellheimen, langt frå kunstige lys. Ta inn stilla og begynn å drøyme under stjernehimmelen.


Book direkte — bookingen går rett til Kongevegen over Filefjell
Umiddelbar bekreftelse
Lokal operatør, kuratert av Book Local
Vanskelighetsgrad Easy
Varighet 3h
Pris fra 990 NOK

Om opplevelsen

Bli med ut i den ville fjellheimen, langt frå kunstige lys. Ta inn stilla og begynn å drøyme under stjernehimmelen.


Etter at mørket har lagt seg gjer me klar trugene og pakkar sekken. Etter ein kort køyretur startar me turen. Kvar me ender avhenger av vêr- og føreforhold.


Spelar vêret på lag vil me kunne oppleve vinterkledde fjell som badar i månelyset. Uansett vil hodelyktene våre kunne avsløre revefantens krumspring eller dei spretne hoppa til fjellharen.


Etter å ha gått passe langt brer me ut reinfellene og fyrer opp eit lite bål dersom vêret tillet det.


Med noko varmt i koppen og noko enkelt å bite i er det berre å lene seg tilbake, ta inn stilla i fjellheimen og drøyme under stjernehimmelen.


Eller la fjellpraten gå rundt bålet.


Her har du høve til å stille alle spørsmåla du måtte lure på om friluftsliv. Om Filefjell. Om Kongevegen. Om villmarka. Guiden har lang erfaring med friluftsliv og har budd ute i to år!


Lengde: 2-3 timar. PRIS: 990,- NOK per pers. (min. 2 pers.)


DETTE ER INKLUDERT:

Lokal guide blir med

Lån av truger

Lån av staver

Lån av hovudlykt

Reinfeller til å sitje på

Varm drikke

Enkle lokale matbiter

Bålkos

Ville fjellet. Frå bålplassen ser du ikkje kunstig lys frå sivilisasjonen


NB: Atterhald om vêret! Nokre gonger opplever me månelys og kanskje stjernehimmel. Andre gonger er det overskya. Er vêret så dårleg at me må avlyse får du pengane attende.


KRAV TIL DEG:

Du er i normal fysisk form

Du vil gå på truger

Du er kledd i klede og utstyr som duger for ein kald kveld på fjellet: varmt undertøy på underkropp og overkropp, vanntett/vindtett bukse, tjukk/varm genser, varm lue som dekker øyrene, vanntett/vindtett jakke, klede som dekker halsen, votter, tjukke sokker og sko meint for fjelltur

Du følger råda til guiden


NB: Bildet er teke på veg inn til ein av stadane som det er aktuelt å besøke (Foto: Sven Richard Møller)

Levert av

Kongevegen over Filefjell

Pris fra

990 NOK

Praktisk info

Varighet
3 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Sted
Opplev Filefjell, Eastern Norway

Oppmøtested

Opplev Filefjell, Eastern Norway

Fra
990 NOK
Book nå