Visit Sognefjord
Cider & fruktvin med 5 smakebitar attåt kl 16:00
jun
18
2026
torsdag
— 17:30
20 seats left Ciderhuset
Vanskelighetsgrad Easy
Alder 18+ år
Varighet 1h
Pris fra 700 NOK

Om opplevelsen

Formidling om fruktvin & cider. Smaking av 5 ulike typar. Til kvar av desse kjem det ein smakebit inkl husets sjokolade.

Alkoholfritt alternativ.


Regndropar på epleskalet. Det lette kysset frå epleblomen. Perler som stig opp i gylden drikk.

av Åge Eitungjerde, cidermakar


Bryr du deg om historia bak det du drikk? Er du tørst på nye smakar og ny kunnskap? Du vil få ny fortsåing for fruktdyrking og ciderframstilling etter berre ein kort stund hos oss. Du vil få utvida smakshorisonten din gjennom å smake 5 ulike stilar av cider og fruktvin i Glashuset, med utsikt over Sognefjorden.


Vi startar i den økologiske frukthagen vår ved Ciderhuset. Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Vi vil vise at smaken startar med dei små podekvistane som strekker seg opp mot det unike fjordlyset ved Sognefjorden. Lyset som har inspirert kunstnarar og eventyrarar i generasjonar.


Saman lærer vi om grunnleggande epledyrking og lokal tradisjon - vårt terroir gjennom nesten 1000 år! Deretter går vi inn i Ciderhuset der vi smakar vår veg gjennom 5 ulike ciderar og fruktvinar og lærer at eple er meir enn berre eple! Vi blir saman kjende med heile spekteret av smakar: søte desserteple, syrlege mateple og bitre cidereple.


Og vi skal lære at cider er meir enn berre "cider". Vi smakar oss gjennom 5 ulike stilartar av cider &fruktvin, til dømes lett "verandacider" til noko som liknar veldig på raudvin og til den frysekonsentrerte eplelikøren


Til kvar av drikkene høyrer også med litt snacks inkludert husets sjokolade.


Ser deg i frukthagen:)

Levert av

Ciderhuset

Praktisk info

Varighet
1 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Minstealder
18 år
Booking lukker
1 min før
Sted
Ciderhuset, Western Norway

Viktig informasjon

Full refusjon ved avbestilling seinast 24 timer før oppmøte.

Oppmøtested

Ciderhuset Sjøtunsvegen 32, 6899 Balestrand

Ciderhuset, Western Norway

Bilder fra turen

Galleribilde Galleribilde Galleribilde Galleribilde Galleribilde Galleribilde